Stipendiater

Beate Standal

Standal er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen i 2009, og spesialist i klinisk vaksenpsykologi med videreutdanning i kognitiv terapi. Hun har erfaring fra ulike stader i primær- og spesialisthelsetenesta, sist som kommunepsykolog. 

Målet med Standal sitt PhD-prosjekt er å forsøke å finne ut kva som gjer at implementering av digitale psykologiske intervensjonar ikkje går raskare. Digitale behandlingane for psykiske lidingar blir ikkje blir brukt så mykje som det er potensiale for, og ho vil forsøke å finne ut av årsakane til dette ved å intervjue terapeutar, leiarar og brukarar av desse intervensjonane. 

Standal har fått stor tru på digitale psykologiske intervensjonar og ser nytteverdien av dette i praksis. Hennar største bidrag inn i forskingsprosjektet vil vere det brennande engasjementet ho har for å bidra til å spreie den gode behandlinga til dei som treng det.  

Hovedveileder: Tine Nordgreen – Universitetet i Bergen.

Beate Standal