Emnene

Leiing

Emne 3 – DIGHEL632 – Digitalisering i Helse: Leiing (5sp)

Mål og innhold:

Målet med emne er å gjere studentane i stand til å ta ei leiarrolle i å drive fram endring av store regionale eller nasjonale digitaliseringsprosesser samtidig som dei ivaretar medarbeidarar og lokale digitaliseringsprosessar. Vidare vil emnet gi studentane innføring og erfaring med forbetringsarbeid i tråd med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgssektoren. Studentane vil få kompetanse i å planlegge, gjennomføre og evaluere endringar knytt til digitalisering og digital transformasjon. Emnet vil belyse utvikling av leiingsfaget generelt, med særleg vekt på ei læringsbasert tilnærming til leiing og tar utgangspunkt i leiing av endringar sett frå ulike nivå i ein organisasjon. Arbeidet belyser forutsetningar for å endre. Vi vil kome inn på tema som strategisk kompetanseutvikling, kontinuerleg forbetring og endringsmodnad i organisasjonen, alle relevante for digitalisering. Vidare fokus er leiar si rolle i å initiere og gjennomføre endringsprosessar. Studentane får anledning til å bruke eiga erfaring gjennom prosessen frå ide til slutning. Vi adresserer gjennom trepartssamarbeid, brukarinvolvering og konsekvensforståing i digitaliseringsprosesser i eigen organisasjon. Vi kjem inn på Digitalisering i Helse Eit fleksibelt studietilbod på til saman 20 studiepoeng kvalitetsforbetring i samhøve med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Vi kjem også inn på organiseringsmoglegheiter for digitaliseringsprosessar når rammevilkår endrast og løfter fram pasientperspektivet i ulike helsetenestenivå som eit felles utgangspunkt for å finne løysingar. Vi tar her ein nærare titt på korleis ein kan løyse komplekse utfordringar gjennom smidig, verdikjedebasert organisering. Leder si rolle i innføring av endringar knytt til digitalisering belysast vidare gjennom fokus på operasjonalisering, motstandshandtering, måling og evaluering.