Emnene

Digitale helsetenester

Emne 2 DIGHEL631- Digitalisering i Helse: Digitale helsetenester (5sp)

Mål og innhold:

Helsetenestene er i kontinuerleg utvikling og dei blir i større grad digitalisert. Målet er å gi betre, sikrare, meir likeverdig og effektiv behandling til innbyggarane. Digitale helsetenester er skildra med mange ulike omgrep som overlappar i nokon grad (digital heimeoppfølging, ehelse, telemedisin m fl) og det finst også mange ulike definisjonar som det er viktig å kjenne til. Fokus i dette emnet er i hovudsak på digitale innbyggartenester, altså helsetenester som er direkte retta mot innbyggarane. Emnet har som mål å gi studentane inngåande kunnskapar om digitale helsetenester, sentrale føringar og korleis digitale helsetenester blir brukt i helsesektorane i dag. I løpet av emnet vil studentane få både ei brei oversikt over temaet digitale helsetenester, men også moglegheit for å sjølvstendig reflektere rundt korleis digitalisering av helsetenestene påverkar de eksisterande helsetenestene, samt kva det blir viktig å ta omsyn til når ein skal vurdere innføring av digitale helsetenester på eigen arbeidsstad. Studentane utviklar også ferdigheiter og kompetanse som er naudsynt for å kunne bidra i beslutningsprosessar rundt ei utvikling og innføring av digitale helsetenester på eigen arbeidsstad.