Bømlo kommune

Noverande Bømlo kommune vart til 01.01.63, etter samanslåing av dei tre kommunane Bømlo kommune, Moster kommune og Bremnes kommune. Bømlo har eit innovativt næringsliv kjenneteikna av skapar- og berekraft – heilt frå den første industriarbeidsplassen på Hespriholmen for 10.000 år sidan. Kombinasjonen av ei rekke verksemder innan maritim industri, bygg & anlegg, handel og service gjer arbeidsplassane robuste i skiftande konjunkturar og marknader.