Aktuelt

Avslutta INTROMAT med gode resultat

Måndag 6.desember var partnarane i INTROMAT samla for avslutningsseminar. Forskingsprosjektet vart starta i 2016 og har vore finansiert av Norges Forskningsråd som eit IKTPLUSS Fyrtårn.

Alle forskingspartnarane og dei tre industripartnarane brukte dagen på å legga fram resultat frå forskinga og innovasjonsaktivtetane i senteret, og takka kvarandre for lærerike og spennande år saman.

Sjå bilete frå dagen under:

Det var fleire spennande framlegg om kva som er kome ut av prosjektet. Noko av det som vart presentert var:

Smiti Kahlon presenterte funn frå studie om bruk av VR teknologi i behandling av prestasjonsangst hjå ungdom. Programmet er kalla Ung Spotlight og kan i dag finnast på Helsenorge.no.

Emilie Sektnan Nordby presenterte funn frå studie om digitalt behandlingsprogram for vaksne med ADHD. Dette programmet er no planlagt til bruk i eMeistring.

Sunniva Brurok Myklebust presenterte funn frå studie frå digitalt behandlingsprogram for dei som sliter med restsymptom etter depresjon. Dei er no i gang med ein ny studie og ser etter deltakarar.

Ragnhild Sekse og Sigrund Breistig presenterte sitt program, Gynea, som er laga for kvinner som har hatt gynekologisk kreft. Delar av dette behandlingsprogrammet er no å finne på Helsebiblioteket sine sider.

Petter Jakobsen og Andrea Stautland presenterte studie om bruk av digitale verktøy i overvaking av symptom på vaksne pasientar med bipolar liding.

I desse prosjekta er det mange og dyktige menneske som har stått på for at INTROMAT vart ein suksess. Her er dei som ikkje allereie er nemnt: 

  • Eirik Hansen
  • Jan Rasmus Sulebakk
  • Yngve Lamo
  • Andreas Rimala
  • Jim Tørresen
  • Eivind Flobak
  • Youwell
  • Robin Kenter
  • Suresh Mukhiya
  • Ulysse Côté-Allard
  • Jo Wake
  • Yngvar Sigmund Skaar
  • Minh H. Pham
  • Amin Aminfar
  • Ketil J. Ødegaard